Då eg kom ned til austveggen i går støtte eg faktisk på writers i sving med spray og rull.

Eg spurde om eg kunne fotografere og leggje ut i bloggen min og fekk positiv rrespons. Eg har ikkje spurt alle, men eg tar sjansen.


Noko blir måla over for å gi plass til noko nytt

Då eg runda hjørnet for å kikke på nordveggen fekk eg neste overraskelse, veggene var nesten tome...

...men plassen var fylt av folk, ein litt unorsk og herlig stemning...

nokon sat rundt bord og skissa, prata
Der var musikk, dans...

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse
HER på Flickr ligg mange av bildene eg tok denne dagen
Sjekk denne linken til KnutG på ORIGO
Ikkje stjel foto!
Dei som er avbilda får fotofil om dei ynskjer det, men foto der writers er avbilda deler eg ikkje med andre utan at det er avtalt med den som er fotografert!
2 kommentarer:
Hey! Må si du har værdens kuleste blog!!
bra dokumentasjon!
hilsen Bergencity;)
Takk, Bergencity.
Vel, eg er jo berre heldig som bur i ein by full av graffiti- og gatekunstnarar som pregar byen med former og fargar, gjev meg noko å kikke på, og fotografere.
Folk som bidrar til å gjere byen litt meir artig enn den ville vere utan dei.
Legg inn en kommentar