søndag 14. september 2008

Waaow det er jo folk her.

Eg fekk meg litt av ein overraskelse då eg droppa bortom sentralbadet i går. Eg hadde planar for dagen og skulle berre ein kjapp tur bortom sentralbadet for å sjå om der var noko nytt på veggen. Eg er alltid aleine når eg er der. Joda nokon hastar forbi, men det r aldri nokon som er der.

Då eg kom ned til austveggen i går støtte eg faktisk på writers i sving med spray og rull.

FOTO: TONE BRATLAND ÅKRA

Eg spurde om eg kunne fotografere og leggje ut i bloggen min og fekk positiv rrespons. Eg har ikkje spurt alle, men eg tar sjansen.

FOTO: TONE BRATLAND ÅKRA



FOTO: TONE BRATLAND ÅKRA

Noko blir måla over for å gi plass til noko nytt
FOTO: TONE BRATLAND ÅKRA

Då eg runda hjørnet for å kikke på nordveggen fekk eg neste overraskelse, veggene var nesten tome...



...men plassen var fylt av folk, ein litt unorsk og herlig stemning...



nokon sat rundt bord og skissa, prata
Der var musikk, dans...


Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse


HER på Flickr
ligg mange av bildene eg tok denne dagen

Sjekk denne linken til KnutG på ORIGO

Ikkje stjel foto!

Dei som er avbilda får fotofil om dei ynskjer det, men foto der writers er avbilda deler eg ikkje med andre utan at det er avtalt med den som er fotografert!

onsdag 7. mai 2008

LANGT LIV


Denne har fått stå lenge.Eg knipsa den i august 2007...

...og i dag,6.mai 2008, såg der slik ut:

OM SENTRALBAD-VEGGENE

Sentralbadet har 3 graffiti vegger.
Den øverste delen av veggen på fotoet under skal stå utan å bli malt over.
På dei to andre veggene, og den nederste delen av denne veggen skjer det heile tida forandringar.
Noko får stå ganske lenge, men ein del av graffitien blir ganske raskt dekka med nye uttrykk.


Under ser du detaljar av den store permanente graffitien.





torsdag 11. oktober 2007

SENTRALBADET




Bergen,Sentralbadet 8.okt. 2007

MØLLENDAHLSBAKKEN




Bergen,Møllendahlsbakken 2.okt.2007

MØLLENDAHLSBAKKEN

Bergen,Møllendahlsbakken 2.okt. 2007

søndag 16. september 2007

søndag 9. september 2007

UNDER PUDDEFJORDSBROEN 10.aug.2007

Eg gjekk ut frå at det varmykje både graffiti og stencils under Puddefjordsbroen.Det var ein del, men eg hadde igrunnen trudd her var enda meir.








Innimellom graffitien fann eg små stencils. Ikkje fantastiske, men søte.Eg såg dei ikkje før eg var tett på. Det likar eg, - når det er slikt eg ikkje umiddelbart ser, men plutseleg oppdagar.



Eg trur dette må vere graffiti av litt eldre dato, den var tydeleg prega av vær og vind.